I dialog mellom student Thea Lovise Vie og kunnskapsrike brusselfolk vil vi ta deg gjennom ei verd som er større enn du trur. Bli med oss inn i bobla for å kunne meir om EU enn vennane dine! @BrusselBobla
SISTE EPISODE: I denne siste episoden av BrusselBobla har vi reist til Europaparlamentet for å intervjue parlamentarikar Kira Marie Peter-Hansen. Ho representera Danmark sitt sosialistiske folkeparti, og gir oss eit spesielt innblikk i korleis det er å arbeide i Europaparlamentet.
Tusen takk for at du har lytta til BrusselBobla!
22 Jun 2022
Forsvarsbobla
Kongsberg gruppa er på besøk i studio, og vi får sjansen til å lære meir om dei ulike verksemdenetil firmaet. Leiv Inge Steig jobber for Kongsberg Defence og Aerospace (KDA) og har kontorer i Brussel. Gjennom han får vi høyre om EUs forsvarspolitikk, kven dei samarbeider med i Brussel, og kva forsvarsmaterialer KDA eksporterer. 80% av verksemda til Kongsberg gruppa er nettopp eksport, og dei har i overkant ei omsetning på 27 milliardar kroner.
6 Jun 2022
Erasmusbobla
Erasmus+ er noko dei fleste av oss har høyrt om, men innebera mykje meir enn kva dei fleste kjenner til! I denne episoden vil Ragnhild Berg fortelje oss om om uante ting ved Erasmus+ og kva HK-dir (direktorat for høgare utdanning og kompetanse) arbeidar med i Brussel på vegne av meg og deg.
4 Jun 2022
Diplomatibobla
EU-delegasjonen er Norges største utanriksstasjon. Her er det høg aktivitet og hyppige statsbesøk, det offesielle Norge i Brussel. Korleis er det å arbeide på delegasjonen der ministerbesøk er kvardagskost?
Vi har besøk av Marit Aspaas som er kommunikasjonsråd ved delegasjonen, ho skal gi oss eit innblikk i livet på utanriksstasjonen. Korleis arbeidar ein med kommunikasjon og pressande saker som energikrisa, kva er viktig for EU-delegasjonen i dag? Dette er nokre av spørsmåla vi vil få svar på.
26 May 2022
Industribobla
Rønnaug Sægrov Mysterud er Vice President og Head of EU Affairs i Norsk Hydro, Brussel. Denne veka tar ho oss med i industriens virke i Europahovudstaden og korleis det grøne skifte påverkar Norsk Hydro. Lytt og lær om både aluminium, klima, sirkulærøkonomi og ikkje minst energi politikk.
12 May 2022
Regionsbobla
Norges regionar er godt representerte i Brussel, noko vi får høyre meir om denne veka. Tora Margrethe Eide frå Stavangerregionens Brusselkontor gir eit innblikk inn i kva eit regionskontor gjer, og korleis dei sjølv arbeidar i EU-hovudstaden. Stavanger kommune har og blitt tildelt status som ein av 100 klimanøytrale byar innan 2030, og Tora forklarar kva dette eigentleg er, og korleis dei arbeida i kulissane for å få tildelinga!
11 May 2022
Energibobla
Equinor er vekas gjest i Brusselbobla, representert av visepresident for politiske og offentlige anliggende, leder for EU-saker og leder av Equinor Belgia, Olav Aamlid Syversen. Vi snakker om den grønne giv og Equinor sin deltakelse i arbeidet, gass-situasjonen i Europa, og korleis ein arbeider i Brussel i dagens Europa
21 Apr 2022
Universitetsbobla
Denne veka er det vårt eige kontor, nemleg Universitetet i Bergen sitt Brusselkontor, som er i fokus! Charlotte Eide og Thea Lovise Vie tar ein prat om kva dei eigentleg jobba med, kvifor forsking og innovasjon er viktig for EU i tillegg til korleis jobb og privatliv sklir over i kvarandre i Brusselbobla. Dei oppfordrar óg lyttarane til å sende inn spørsmål til podcasten gjennom instagrammen @Brusselbobla!
7 Apr 2022
Næringslivsbobla
Ingebjørg Harto har over 20 års erfaring frå NHO. I denne episoden gir ho oss eit innblikk i korleis næringslivet arbeidar i Brussel, viktigheta av team-Norway, og bodskapen om at Norge må henge med i EU-svingane!
30 Mar 2022
Praktikantbobla
I denne episoden skal du få møte nokre av dei andre praktikantane i Brussel. Du skal få høyre frå Alessia Reina, Matilde Bordal og Ingvild Rødahl, frå NTNU, SINTEF og UiB. Vi skal saman fortelle deg korleis det er å jobbe i Brussel, bu i Brussel og ikkje minst korleis du sjølv kan bli praktikant i Europahovudstaden!
23 Mar 2022
Lobbybobla
Martin Wilberg frå KREAB kjem til Brusselbobla for å snakke om EUs overordna prioriterinar, lobbyisme og den relle påverknadskrafta til aktørar i Brusselbobla. Er lobbyisme så ille som folk skal ha det til, og har ein egentleg mogleheit til å skape og endre politikk på øverste nivå?
17 Mar 2022
Digitaliseringsbobla
Thomas Hellebrand frå DIGITALEUROPE er gjest i denne vekas episode der vi tar føre oss spørsmål rundt EUs satsing på digitalisering. Grunna dette vil og episoden vere på engelsk.
Kva gjer eigentleg DIGITALEUROPE, eit firma som representera blant anna Google, Apple og Facebook, opp mot EU som institusjon? Og kva har digitaliseringa å sei for den digitale sikkerheita til Europas individer? Det skal vi spørje Thomas om.
10 Mar 2022
ESAbobla
Denne veka har vi med oss Gjermund Mathisen, direktør for ESAs konkurranse- og statsstøtteavdeling, for å forklare kva EFTA Surveillance Authority (ESA) eigentleg er! Kva er konkurranse- og statsstøtteavdelinga, korleis arbeider ESA med ny EU-lovgivning, og er det riktig å kalle ESA for EØS sitt CIA? Dette spør vi Gjermund om!
23 Feb 2022
Klimabobla
I denne episoden får Thea besøk av Lina Strandvåg Nagell frå Bellona for å snakke om EU og klima. Kva er det EU fokusera på, korleis får ein gjennomslag i klimapolitikken, og vil EU nå måla sine?
(Denne podcasten blei spelt inn 23.02.22)
17 Feb 2022
EU + Norge = ?
Norge er ikkje med i EU, så kvifor er det så mange Norske aktørar til stades i Brussel, og kva avtale har eigentleg Norge med EU i dag? Charlotte Eide er tilbake for å forklare historia mellom Norge og EU, og kva ståa er skrivande augeblikk.
10 Feb 2022
Episode 1: EU Bobla
Kva er EU? I den aller første episoden av Brusselbobla tar Thea saman med EU-utdanna Charlotte Eide deg inn i den såkalla brusselbobla. Saman prøvar dei å forklare deg kva EU er og korleis denne komplekse unionen med sine institusjonar fungera.
Host of Brusselbobla?
Claim your podcast to manage its listing and keep your show details accurate.
Pod Engine is an independent podcast discovery and analytics service and is not affiliated with or endorsed by this podcast. Artwork and show content belong to their owners. Full legal notice.