Å lese Bibelen i dag - Panelsamtale frå Bibelkveld i Bryne kyrkje - 10.11.2026 v/ Stein Ødegård, Geir Pollestad, Øivind Holtedahl og Jon Torger Hetland Salte
Panelsamtale med Stein Ødegård, Geir Pollestad, Øivind Holtedahl og Jon Torger Hetland Salte. Samtalen følger opp Holtedahl sitt foredrag, og tar opp spørsmål som kvifor og korleis me les Bibelen, kva me i vår tid får ut av den, og kva slag meining og sanning me kan finna der.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy (https://acast.com/privacy) for more information.
11 Nov 2026
Å lese Bibelen i dag - Foredrag frå Bibelkveld i Bryne kyrkje - 10.11.2026 v/ Øivind Holtedahl
Bibelen har vore viktig for vår historiske og kulturelle utvikling. Den blir lesen som heilag bok i kyrkjene og i mange heimar. Men den er også grunnleggande i arbeid med filosofi, menneskesyn, livssyn og samfunnssyn.
Kva status har Bibelen i samfunnet vårt, blant truande og ikkje-truande?
Korleis og kvifor les ulike personar i Bibelen?
Kan boka lesast som den er, utan førehandskunnskap, eller treng me hjelp til å lesa den?
Kva har Bibelen å gi oss?
Kva kan kunnskap om bibeltolking bidra med?
Hosted on Acast. See acast.com/privacy (https://acast.com/privacy) for more information.
8 Nov 2026
Ikkje enklare liv, men liv med nåde og meining - 08-11-2026 - v/Trond Inge Tappel
Lesetekst 1
Ein song til festreisene.
Då Herren vende Sions lagnad, var det som ein draum for oss.
Då fyltest vår munn med lått, vår tunge med jubel.
Då sa dei mellom folka: «Stort er det som Herren har gjort mot dei.»
Ja, stort er det som Herren gjorde mot oss, og vi vart glade.
Herre, vend vår lagnad som bekkene i Negev!
Dei som sår med tårer, skal hausta med jubel.
Gråtande går dei ut og ber sitt såkorn, med jubel kjem dei tilbake og ber sine kornband.
Salmane 126,1–6
Lesetekst 2
Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. Og alltid, i alle mine bøner, bed eg for dykk alle med glede. For heilt frå første dagen og fram til no har de hatt del med meg i evangeliet. Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.
Filipparane 1,2–6
Evangelietekst
Det er Anden som gjer levande, kjøtet kan ingen ting gjera. Dei orda eg har tala til dykk, er ånd og liv. Men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå første stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. Og han la til: «Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det blir gjeve han av min Far.»
Etter dette drog mange av læresveinane hans seg unna og gjekk ikkje omkring med han lenger. Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.»
Johannes 6,63–69
Hosted on Acast. See acast.com/privacy (https://acast.com/privacy) for more information.
Reach and audience
Public platform figures. Ratings count people who left a rating, not total listeners.
Spotify
4.5 / 5
2 ratings
Contact Brynekyrkja
Guest appearances
Books guests
Based on episode analysis; this does not confirm that the show is currently accepting guests.
Host of Brynekyrkja?
Claim your podcast to manage its listing and keep your show details accurate.
Pod Engine is an independent podcast discovery and analytics service and is not affiliated with or endorsed by this podcast. Artwork and show content belong to their owners. Full legal notice.
Explore this show Podcast research with Pod Engine