Folkeprat #20 – Konsert på Aukrust i regi av Jakupscena | Iselin Aukrust, Magnhild G. Haugen, Syver R. Hauge og Kjetil M. Myhren
Det midlandske kulturområdet som strekker seg langs fjellheimen som skil austland frå vestland, frå Gudbrandsdalen i nord til Telemark i sør, har heilt sidan nasjonalromantikken hatt ein spesiell status i norsk folkemusikk. På denne konserten får vi høyre fire ungdommar som forvaltar kvar sin tradisjon på særs dedikert vis.
Iselin Anna Aukrust er på heimebane sjølv om ho til dagleg studerer på Ole Bull Akademiet på Voss, og både spelar og syng tradisjonsstoff frå Lom og Ottadalen med stor dugleik.
Kvedaren Magnhild Garnås Haugen frå Hjartdal i Telemark har på imponerande vis tileigna seg ein levande familietradisjon etter mor Ingvill Marit Buen Garnås og gommo Agnes Buen Garnås. Til dagleg studerer ho ved Noregs Musikkhøgskole. Mellom Gudbrandsdalen og Telemark finn vi både Hallingdal og Valdres.
Kjetil Meberg Myhren – Oslo-gut med sterke familierøter i Hallingdal og Telemark – spelar både tele- hallingspel på gneistrande vis.
Syver Rolandsgard Hauge frå Vestre Slidre i Valdres, som er vaksen opp nokre frå steinkast unna der ein av storkultane i Valdres-tradisjonen, Ivar Ringestad (1870–1953) budde og virka, har eit spel som er utan sidestykke blant levande spelemenn i Valdres i dag. Båe desse karane har nyleg studert høvesvis felebygging og felespeling på USN, avdeling Rauland.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy (https://acast.com/privacy) for more information.
26 Jan 2026
Folkeprat #19 – Rolv Brimi | Gamaldans under Lomseggen
Rolv Brimi frå Lom gav i fjor ut ei samling med over 300 gamaldanslåttar som faren Hans W. Brimi nytta i ulike konstellasjonar. I denne podkasten kan du høyre Rolv fortelja om bokprosjektet til redaktør Kjellbjørn Karsrud.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy (https://acast.com/privacy) for more information.
19 Nov 2025
Folkeprat #18 – Anders Lunden Herfoss og Aslak Brimi | Folkelarmprogram, styrearbeid i FolkOrg og kappleiksdebatt
I denne praten frå Folkelarm tek redaktør i magasinet Folkemusikk, Kjellbjørn Karsrud, ein prat med høvesvis styremedlem og dagleg leiar i FolkOrg, Anders Lunden Herfoss og Aslak Brimi.
Der kjem dei innom korleis seminar- og showcaseprogrammet på Folkelarm blir plukka ut, kva dei jobbar med i styret i FolkOrg for tida, endringar i kappleiksreglementet, kappleiksøkonomi og ikkje minst debatten Sivert Holmen drog opp om slåtteval på kappleik.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy (https://acast.com/privacy) for more information.
Contact Får du fot - Folkemusikks podkast
Guest appearances
Books guests
Based on episode analysis; this does not confirm that the show is currently accepting guests.
Host of Får du fot - Folkemusikks podkast?
Claim your podcast to manage its listing and keep your show details accurate.
Pod Engine is an independent podcast discovery and analytics service and is not affiliated with or endorsed by this podcast. Artwork and show content belong to their owners. Full legal notice.
Explore this show Podcast research with Pod Engine