Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Hei vår og hei april! Vi har hatt ei god og innhaldsrik påske kor vi har kome nokre dugelere skritt vidare til å verta klare til sesongen.
Om tre veker startar lamminga, og målet er å få gjort så mykje som mogleg av det som hastar mest før den tid kjem. Det er ei kamp mot klokka å få hagen klar og logistikken på plass før alle plantene skal ut og alt allereie er overgrodd.
Nytt i år er at vi oppskalerer eggeproduksjonen og har mål om å byrja å ha hønsa på beite rundt omkring på eigedomen. No er dei gamle hønsa i drivhuset og 40 nye høner i fjøset, og begge deler må tømmast i løpet av dei neste vekene, så då må vi byggja ferdig dei mobile hønsehusa dei skal bu i. Travle tider!
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri (https://www.facebook.com/gjengevollmangesysleri)
Instagram: @mangesysleriet (https://www.instagram.com/mangesysleriet/)
Epost: hallo@gjengevoll.no
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
11 Mar 2024
139: Mykje nytt og spanande
No har vi mykje nytt å melda! Kjetil har fått seg ny jobb (!), og det har på ein måte Mari óg (i meir enn ein betydning). Vil du vita meir, må du lytta til episoda :)
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri (https://www.facebook.com/gjengevollmangesysleri)
Instagram: @mangesysleriet (https://www.instagram.com/mangesysleriet/)
Epost: hallo@gjengevoll.no
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
12 Feb 2024
138: Korleis arrangera dugnadar?
Dagane vert stadig lysare og våren kjem stadig nærmare. Det er godt å kjenna at den mørkaste vinteren er bak oss og at vi har ei lang periode med lys og varme foran oss der naturen kjem til live igjen.
I denne episoda snakkar vi om våre erfaringer med å arrangera dugnad på garden, og deler eit par tips til ting å tenkja på viss du skal gjera det same.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri (https://www.facebook.com/gjengevollmangesysleri)
Instagram: @mangesysleriet (https://www.instagram.com/mangesysleriet/)
Epost: hallo@gjengevoll.no
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Reach and audience
Public platform figures. Ratings count people who left a rating, not total listeners.
Spotify
5.0 / 5
16 ratings
Contact Gjengevoll Pludrecast
Guest appearances
Books guests
Based on episode analysis; this does not confirm that the show is currently accepting guests.
Host of Gjengevoll Pludrecast?
Claim your podcast to manage its listing and keep your show details accurate.
Pod Engine is an independent podcast discovery and analytics service and is not affiliated with or endorsed by this podcast. Artwork and show content belong to their owners. Full legal notice.
Explore this show Podcast research with Pod Engine