Velkommen til Heilt Sjef!
Dette er podcasten til Suldal Vekst, der me snakkar med inspirerande bedriftsleiarar, gründerar og andre spennande personar i Ryfylke. Me får historiane til menneske som har etablert og bygd bedrifter og arbeidsplassar, me diskuterer bedrifts- og næringsutvikling og korleis me ilag skapar eit aktivt og attraktivt bygdeliv.
Sparringspartneren om miljøleiing, bygdeliv og gründerskap
Odd Åge og Elisabeth i Sparringspartneren byggjer stein på stein og er på full fart inn i framtida. Me snakkar om miljøleiing og miljøfyrtårn og eit
næringsliv med fokus på forbetringsarbeid og det grøne skiftet. Om kva som skal
til for å byggje gode lag i ei nystarta bedrift og om at du ikkje treng å dra
til storbyen for å få spennande jobbar og ansvar.
17 Dec 2022
Du grøne glitrande….
Ryfylke har mange juletreprodusentar, og me tatt praten med ein av dei: Lena Nergård frå Myhre Juletregard og Norsk Juletreservice.
Ho og ektemann, Jan Magne Myhre, tenkjer meir eller mindre på jul heile året. Til slutt er juletrea å finne i heimar over heile landet, i Danmark, Tyskland, England og Nederland. Korleis er det å vere juletreprodusent der handelen skjer i løpet av nokre få veker kvart år?
24 Nov 2022
Kraftverkssjefen
Me har møtt Bjørn Sandvik, kraftverkssjef for Noregs og Nord-Europas største vasskraftanlegg, Ulla Førre.
Bjørn deler frå reisa si frå Erfjord, ut i verda og tilbake til heimbygda, me får eit innblikk i drifta ved kraftverket i Suldal og det blir også tid til å ta opp nokre av dei større kraftspørsmåla som ein står ovanfor i dag.
13 Oct 2022
Eventyret i galleriet på Hagalid er over, men Hanne og hennar bedrift, Ryfylke Glød, har meir å by på!
Ei driftig dame på plass i studio! Hanne Sundbø frå Ryfylke Glød er vår gjest, og har gått uredd inn i livet som bonde, som gründer og bedriftseigar, som offentleg planleggjar, som bedrifts- og etablerarrådgivar, og også som den aller første reiselivsdirektøren i Ryfylke.
14 Apr 2022
Me finne nok ei løysing
Dette er kundeløftet til ei over 60 år ung familieverksemd i Suldal. Me har møtt dagleg leiar hjå Ola Fisketjøn As, Dag Fisketjøn.
11 Mar 2022
Gründerane som har sett seg som mål å løyse den digitale floken for tante Bodil (72)
Me møter gründerane i Kakadu, Ingvild Erøy Prestårshus og Hege Fiskå.
Du får innsikt i kvinneleg gründerskap, og om kvardagen i ei oppstartsbedrift.
Kva skal til for å henge med i dei digitale svingane og tips og triks for å lukkast med eigen forretningside.
15 Dec 2021
Tor Øyvind Skeiseid på adventsbesøk
I denne episoden møter me Ryfylkepatrioten og den engasjerte lagspelaren, Tor Øyvind Skeiseid frå Ryfylke Livsgnist.
26 Nov 2021
Den beste røykelaksen kjem frå Ryfylke!
Astrid og Mikal Viga i Mikals Laks AS har i over 20 år produsert røykelaks på Skiftun i Hjelmeland. Kvalitetsprodukta deira har i årevis blitt kåra til Noregs beste! Mikal og dotter Maren deler suksessoppskrifta med oss og snakkar om tradisjonar, unike råvarer og oppskrifter, godt handverk, kunnskap, kjærleik og ein ganske stor dose galskap.
4 Aug 2021
Erik og Amelie Aldner
Møt Erik og Amelie Aldner som har tatt med seg jobbane sine og flytta frå storbyen til bygda. Den eine halvdelen er ein prisvinnande mezzosopran med suksess på operascenen – den andre er ein dyktig saksofonist, dirigent, komponist, gründer og forretningsutviklar for eit nyskapande møbelkonsept.
1 Jul 2021
Kraft i samarbeid - Møt Suldalsalliansen
Reiselivsaktørane Ryfylke Fjordhotel og Basecamp, Mo Laksegard og Energihotellet spissar samarbeidet sitt innanfor aktivitetsutvikling. Med full fokus på samarbeid og berekraft styrkar dei no aktivitetsmenyen for gjester og fastbuande.
3 Jun 2021
Om bondeopprør, suldalslaksen og livet som turistvertar.
Me har hatt ein prat med Britt Kristin og Vidar Jørgensen Nærheim. Dei presenterer seg sjølv som ein familiegard i Suldal med laksefiske, utleigehytter, vedproduksjon, sauehald og generelt mangesyslerier.
30 Mar 2021
Møt dei unge grunderane i Snotrava as
Brødrene Steffen og Kristoffer Øigjord er frå Jelsa, og har etablert produksjonsselskapet Snotrava. Dei er aktuelle som regissørar av ein musikkvideo med den norske artisten Ida Tolou. Låta er produsert av Wyclef Jean og videoen er lansert for den amerikanske marknaden.
23 Dec 2020
Badedronninga Bonolo
Møt Bonolo Ramphomane Aandahl, dama som kom til Suldal som trenar på ToppVolley, og som har starta urban kafe, pop up-butikk og som driv Suldal Bad. Bonolo vågar å meine, og ho vågar å satse.
2 Dec 2020
Bonden på Hanakamneset tenkjer nytt.
Me har møtt Rolf Henrik Tveit frå Sandsbygda. Han overtok garden då han var 18 år. No er han 30 og me lurer på kva han tenkjer om gardsdrifta, lokalmat, griser og framtida som bonde.
17 Nov 2020
Den siste rådmannen i Suldal
Øyvind Valen har vore rådmann i Suldal i åtte år. No blir han ganske snart ein aktiv pensjonist og tida nærmar seg for å takka av og overlate roret til, ikkje til ein ny rådmann, men til ny kommunedirektør. Kva tankar gjer han seg om tida si som rådmann i Suldal?
Tatt opp: 12/11-2020
24 Mar 2020
Koronasituasjonen.
I denne episoden snakkar me om koronasituasjonen og kva dette gjer med næringslivet vårt. Me har med oss Olav Lindseth som gjest i studio, han er dagleg leiar på Energihotellet og leiar i Suldal Næringsforening. Som så mange andre sit me også på heimekontor for tida, og har tatt opp podcasten via Teams, difor er lyden prega av kvardagslivet i heimen.
19 Feb 2020
Grip sjansen!
I dag snakkar me om endringar og om moglegheiter! Gjestene våre i studio er Per Arne Fisketjøn frå Suldalsbussen AS og Suldal Billag Service AS, og Andreas Fløgstad frå Tveit Regnskap AS.
Contact Heilt Sjef!
Guest appearances
Books guests
Based on episode analysis; this does not confirm that the show is currently accepting guests.
Host of Heilt Sjef!?
Claim your podcast to manage its listing and keep your show details accurate.
Pod Engine is an independent podcast discovery and analytics service and is not affiliated with or endorsed by this podcast. Artwork and show content belong to their owners. Full legal notice.
Explore this show Podcast research with Pod Engine