Kva betyr det at Guds rike er kome nær?
Med utgangspunkt i Markus 6 talar Svein Bjarne Aase om oppdraget Jesus har gitt oss: å forkynne evangeliet, vise omsorg for menneske og vere Jesu hender og føter i kvardagen.
Han løftar også fram at det å følgje Jesus kan koste, men at Gud er nær også midt i motgang og liding.
19 Oct 2026
Frå frø til frukt – korleis forvaltar vi arven?
I talen på 150-årsjubileet for ImF Stord tek Jarle Haugland utgangspunkt i Jesu likning om såmannen. Korleis kan vi forvalta arven frå pionerane? Skal vi byggja monument over det som var, eller våga å bryta nytt land?
Med Guds ord som utgangspunkt peikar Haugland på at målet med kristenlivet er å bera frukt. Gjennom Den heilage ande har Guds ord kraft til å skapa vekst og nytt liv. Samstundes utfordrar han oss til å undersøka kva som hindrar frøet i å slå rot: vantru, sår, overflatiskheit, distraksjonar og eit liv fylt av bekymringar og velstand.
Talen er ei oppmoding til å stå rotfesta i Guds ord, ta vare på trua og la kjærleik, glede, fred og godleik prega livet vårt. Historia gir oss grunn til takksemd, men også inspirasjon og håp for framtida. Så lenge Den heilage ande er verksam, kan det framleis bli vekking og vekst.
16 Oct 2026
Kristent leiarskap handlar om karakter, teneste og omsorg
Runar Landro har gjennom nesten 48 år i kristen teneste sett både sunne og usunne sider ved leiarskap i kristne fellesskap. I eit seminar om kristent leiarskap peika han på behovet for tydelege rammer, leiarar med god karakter og eit sterkare bibelsk fundament.
Det er alltid nokon som leier, anten dei er valde til oppgåva eller tek leiarskap på eige initiativ. Spørsmålet er kva slags leiarskap vi ønskjer i dei kristne fellesskapa våre.
Gjennom konkrete historier og bibelske perspektiv viste Landro korleis usunt leiarskap kan skade eit fellesskap, men òg korleis gode leiarar kan leggje til rette for vekst, tryggleik og teneste.
Reach and audience
Public platform figures. Ratings count people who left a rating, not total listeners.
Spotify
5.0 / 5
1 ratings
Contact Imf Stord
Guest appearances
Does not typically book guests
Based on episode analysis; this does not confirm that the show is currently accepting guests.
Host of Imf Stord?
Claim your podcast to manage its listing and keep your show details accurate.
Pod Engine is an independent podcast discovery and analytics service and is not affiliated with or endorsed by this podcast. Artwork and show content belong to their owners. Full legal notice.
Explore this show Podcast research with Pod Engine