STORTINGSVALET 2021:
Dei drøymer alle om å sitte på den gjevaste benken av alle, Sogn og Fjordane-benken på Stortinget, men det er plass til berre fire. Korleis er kampen?
I denne podkast-serien møter du 9 førstekandidatar som alle ønskjer å påverke framtida vår. Vi tek deg med bak scena i valkampen.
Vi som står bak podkasten er Eirin Aardal og Anne Mette Hjelle. Del gjerne med andre. Godt val!
Møt valutspørjar Erlend Blaalid Oldeide, politisk journalist i NRK Vestland. Han er kjent som ein tøff utspørjar! Det stressar fleire av stortingskandidatane i Sogn og Fjordane. (Opptak gjort 31.8.2021).
28 Aug 2021
10. Olve Grotle, Høgre (29 min)
Olve er superoptimisten som ikkje vil vere nostalgisk. Han er og ordføraren som har fått råd av Firda-redaktøren om å bli meir "rocka". Han er advokat, men har dei siste 10 åra styrt den kommunale skuta i Førde og Sunnfjord. (Opptaket er gjort 28.8.2021)
25 Aug 2021
9. Tore Storehaug, Krf (33:11 min)
Tore er den einaste av kandidatane til årets stortingsval som allereie er på stortinget. For fire år sidan tok han utjamningsmandatet etter ein valthriller. Han synes debattar er pyton, men også avhengigheitsskapande. Han har ulike metodar for å slappe av. (Opptaket er gjort 24.8.2021)
23 Aug 2021
8. Torbjørn Vereide, AP (32:42 min)
Torbjørn vil på stortinget og kjenner på presset om å levere i valkampen, men aller mest er det høgtid at så mange vil snakke politikk no. Han elskar dørbank, men er ikkje fullt så glad i dei høge tonane i partiet sine kampsangar. (Opptaket er gjort 5.8.2021).
20 Aug 2021
7. Alfred Bjørlo, Venstre (32 min)
Ordførar-Alfred er godt kjent frå media, m.a. som "distriktspsykopaten", men seier han både kan vere stille, beskjeden og litt introvert. Han har hovudfag i tropisk fjørmygg, men er i dag meir opptatt av det store bildet. Han tek ingenting for gitt no i valkampen. (Opptaket er gjort 15.8.2021.)
18 Aug 2021
6. Erling Sande, Sp (31:22 min)
Erling er den alle spår har ein plass på stortinget i neste periode for Sogn og Fjordane. Sjølv vil han ikkje ta det på forskot, sjølv om han har fylt ut søknadsskjema om stortingshybel. Han er opptatt av å oppføre seg ordentleg i valkampen. (Opptaket er gjort 9.8.2021.)
16 Aug 2021
5. Marius Langballe Dalin, MDG (31:43 min)
Marius er legen som snakkar fort og mykje og som syklar rundt og deler ut tusenvis av valkampbrosjyrer. Av ting han ikkje likar er forenkling og overdriving. Debattar kan også vere utfordrande. (Opptaket er gjort 10.8.2021.)
13 Aug 2021
4. Anfinn Sjåstad, Frp (30:43 min)
Anfinn er frå Stadlandet. Sjølv om det er travelt med valkamp, så prøver han å gå ein tur kvar dag, helst med Pink Floyd på øyret. Han har livserfaring som gjer at han er særleg opptatt av folk som slit økonomisk. (Opptaket er gjort 8.8.2021.)
11 Aug 2021
3. Hege Lothe, SV (31:45 min)
Hege er ein erfaren politikar som vil ha meir makt, men ho føler også på presset no når ho er SVs førstekandidat. Hege går alltid med partiprogrammet i veska og gruar seg til utspørjinga i NRK, men meiner kvinner må bli betre på å gje litt "F". (Opptaket er gjort 9.8.2021.)
8 Aug 2021
2. Geir Oldeide, Raudt (33:10 min)
Geir har 20 år bak seg som kommunepolitikar i tidlegare Vågsøy, no Kinn kommune. Han har lang arbeidserfaring frå fiskeindustrien, men er no pensjonist. Geir innrømmer gjerne at han ikkje veit så mykje om landbruk. - Det er ei ærleg sak. Vi er jo ikkje vandrande wikipedia-idiotar! (Opptaket er gjort 6.8.2021.)
8 Aug 2021
1. Introduksjon til "Kampen om stortingsbenken SFJ" (1:54 min)
I podkast-serien "Kampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane" intervjuar Eirin Aardal og Anne Mette Hjelle 9 førstekandidatar til stortingsvalet i Sogn og Fjordane. Målet er å lære meir om kandidatane og kva som skjer bak kulissane i valkampen. For at du skal vite meir, gir vi deg her ein kort introduksjon om podkasten, kvifor vi gjer dette, oppstarten og om oss. :-)
Contact Kampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane
Guest appearances
Books guests
Based on episode analysis; this does not confirm that the show is currently accepting guests.
Host of Kampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane?
Claim your podcast to manage its listing and keep your show details accurate.
Pod Engine is an independent podcast discovery and analytics service and is not affiliated with or endorsed by this podcast. Artwork and show content belong to their owners. Full legal notice.
Explore this show Podcast research with Pod Engine