Vestlandets litteraturhus. En arena for litteratur, offentlig ordskifte og kulturopplevelser. Meld deg på vårt nyhetsbrev for ferske oppdateringer: bit.ly/litthusbergenbrev
Ukraina på Litteraturhuset: Solidaritet gjennom litteratur – Krym og Ukraina
Med Rory Finnin og Ingunn Lunde
«Ukraina på Litteraturhuset» er ein serie denne hausten som gir eit særskilt innblikk i ukrainsk historie og litteratur samt situasjonen i dagens krigsramma Ukraina. Serien er støtta av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) sitt Program for Ukraina-kompetanse (UA-KOMP).
Rory Finnin er ein leiande forskar og formidlar i ukrainsk og krymtatarsk litteratur og til dagleg professor ved Universitetet i Cambridge. Han har skrive boka Blood of Others: Stalin’s Crimean Atrocity and the Poetics of Solidarity (2022) om folkemordet på krymtatarane, Kryms urbefolkning, i 1944 og korleis litteraturen – den krymtatarske, ukrainsk og tyrkiske – bidrar til å bygge solidaritet og forståing av dette traumet. No er Finnin bokaktuell igjen med ein banebrytande monografi om Ukrainas nasjonaldiktar, Taras Sjevtsjenko (1814–61), Freedom’s Liberator: Taras Shevchenko and the Making of Modern Ukraine (2026).
I samarbeid med Institutt for framandspråk (UiB) og prosjektet UA-FLEX inviterer Litteraturhusets Ukraina-serie til samtale med Rory Finnin. Samtalen blir leia av Ingunn Lunde, professor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen.
Samtalen er på engelsk / The conversation is in english
28 Oct 2026
Ukraina på Litteraturhuset: Ukrainsk samtidslitteratur med Sofija Andrukhovytsj
I samband med serien vår denne hausten «Ukraina på Litteraturhuset» har vi invitert den ukrainske forfattaren Sofija Andukhovytsj (f. 1982). Andukhovytsj bur i Kyiv og har gitt ut ei rekke bøker før storverket om Ukrainas historie, Amadoka I. Romana og Uljana, utkom i Ukraina i 2020. Romanen blei omsett til norsk i 2025, og i 2026 kom oppfølgjaren, Amadouka II. Sofija ut på norsk.
Gjennom gripande menneskelagnader fortel dei to romanan Ukrainas historie, om kamp, lidingar og tap. Slik kombinerer dei familiehistorie med Ukrainas historie på 1900-talet og fram til byrjinga av Russlands krig i Aust-Ukraina i 2014. Etter krigsutbrotet i 2022 har Andukhovytsj jamt blitt intervjua i samband med situasjonen i heimlandet. Møt ho i samtale med Ingunn Lunde, professor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen.
Samtalen er på engelsk / The conversation is in english
28 Oct 2026
Ukraina på Litteraturhuset: Ukrainsk samtidslitteratur med Oleksandr Mykhed
«Ukraina på Litteraturhuset» er ein serie denne hausten som gir eit særskilt innblikk i ukrainsk historie og litteratur samt situasjonen i dagens krigsramma Ukraina. Serien er støtta av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) sitt Program for Ukraina-kompetanse (UA-KOMP).
I samband med serien vår denne hausten «Ukraina på Litteraturhuset» har vi invitert den ukrainske forfattaren Oleksandr Mykhed (f. 1988). Mykhed er frå Kyiv og har skrive ei rekke romanar i tillegg til sakprosa og skriv jamleg for den britiske avisa The Guardian. For tida held han på med band to av ei bok som på engelsk har fått tittelen The Language of War, ei samling korttekstar om krigserfaring for sivilsamfunnet og einskildmennesket. Han har også saman med far sin, litteraturvitaren Pavlo Mykhed gitt ut ei bok om ukrainske forfattarar, De levende, og som bygger på ein podkast som dei laga saman som heiter «Stasjon 451». Oleksandr Mykhed har også skrive fleire bøker for barn som handlar om krig. Mykhed tener for tida i Dei ukrainske styrkane. Møt han i samtale med Ingunn Lunde, professor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen.
Samtalen er på engelsk / The Conversation is in english
Reach and audience
Public platform figures. Ratings count people who left a rating, not total listeners.
Spotify
5.0 / 5
4 ratings
Contact LittPod
Guest appearances
Books guests
Based on episode analysis; this does not confirm that the show is currently accepting guests.
Pod Engine is an independent podcast discovery and analytics service and is not affiliated with or endorsed by this podcast. Artwork and show content belong to their owners. Full legal notice.
Explore this show Podcast research with Pod Engine