Dette er ein podkast som tek opp aktuelle tema innan språk, kultur og kunnskap. Her finn du god underhaldning samstundes som du kan lære noko nytt og spennande. Podkasten er produsert av Nynorsk kultursentrum.
Skeiv litteraturfest: Per Espen Myren-Svelstad i samtale med Inger Bråtveit - Festspela 2022
i 2022 er det 50 år sidan kjærleik mellom likekjønna blei avkriminalisert i Noreg. Som ein del av Skeiv litteraturfest 2022 hadde Per Espen Myren-Svelstad og Inger Bråtveit samtale om skeiv lesing av Tarjei Vesaas. Astrid Sverresdotter Dypvik er samtaleleiar. Opptaket blei gjort under Festspela 2022 i Aasentunet.
2 Dec 2022
Skeiv litteraturfest: Å lese Vesaas med skeive briller - Litteraturdagane 2022
I 2022 er det 50 år sida kjærleik mellom likekjønna blei avkriminalisert i Noreg. Nynorsk kultursentrum ynskjer å markere skeivt kulturår gjennom å formidle samtaler om skeiv litteratur. I denne episoden får du høyre eit føredrag med Per Espen Myren-Svelstad om det å lese Tarjei Vesaas med skeive briller. Opptaket er redigert og blei gjort under Litteraturdagane 2022.
10 Jan 2022
Litteraturhus Møre og Romsdal: Dei farlege konspirasjonsteoriane
Som ein del av prosjektet vårt Litteraturhus i Møre og Romsdal besøkte Bjørn Vatne og Øyvind Strømmen seks bibliotek på Sunnmøre for å snakke om dei farlege konspirasjonsteoriane. Opptaket av samtalen blei gjort på Sjøholt bibliotek i november 2021.
8 Jul 2021
«Bibelforteljingar» frå Dei nynorske festspela 2019
Nynorsk kultursentrum markerer 100-årsjubileet til Fyrebilsbibelen med å publisere tidlegare samtalar om bibelspråk frå Dei nynorske festspela. Les meir om 100-årsjubileet på nynorsk.no.
7 Jul 2021
«Kor død er Gud i litteraturen på ein skala frå éin til ti?» frå Dei nynorske festspela 2011
Nynorsk kultursentrum markerer 100-årsjubileet til Fyrebilsbibelen med å publisere tidlegare samtalar om bibelspråk frå Dei nynorske festspela. Les meir om 100-årsjubileet på nynorsk.no.
6 Jul 2021
«Blir det nye bibelspråket for nytt?» frå Dei nynorske festspela 2005
Nynorsk kultursentrum markerer 100-årsjubileet til Fyrebilsbibelen med å publisere tidlegare samtalar om bibelspråk frå Dei nynorske festspela. Les meir om 100-årsjubileet på nynorsk.no.
17 Dec 2020
Festspeldiktaren: Stein Versto
I årets siste episode hos vår podkast, Nynorsk no, får du høyre samtalen med festspeldiktar Stein Versto. Samtalen er leia av den prislønte forfattaren Ingrid Storholmen, og gjekk føre seg i Aasen-tunet 18. oktober 2020. Storholmen har god kjennskap til forfattarskapen til Versto og losa publikum gjennom ein spennande og variert karriere. Stein Versto debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene (1990) og har seinare gitt ut to diktbøker. Han har òg omsett litteratur, både son...
26 Nov 2020
Festspeldiktaren: Odd Nordstoga
På tampen av det digitale festspel-året kjem endeleg intervjuet med festspeldiktar Odd Nordstoga! Nordstoga møtte journalist og forfattar Kjartan Brügger Bjånesøy i Nitro studio i Oslo, den 5. oktober. I denne samtalen får du høyre forteljingar frå Nordstoga si karriere og refleksjonar rundt hans virke som diktar.
20 Nov 2020
Stader for skrift: Marit Kaldhol
Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk. I denne episoden blir Marit Kaldhol intervjua av Bjørn Vatne. Marit Kaldhol er ein forfattar frå Ålesund. Særmerket hennar er biletbøker for barn og poetiske forteljingar for unge. Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia sam...
19 Nov 2020
Stader for skrift: Jan Ove Ulstein
Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk. I denne episoden blir Jan Ove Ulstein intervjua av Bjørn Vatne. Jan Ove Ulstein er teolog og forfattar av meir enn 20 bøker. Han er oppteken av forholdet mellom kyrkje og samfunn. Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samt...
17 Nov 2020
Stader for skrift: Knut Ødegård
Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk. I denne episoden blir Knut Ødegård intervjua av Bjørn Vatne. Knut Ødegård er forfattar av meir enn 40 bøker. Han skriv innanfor ei tradisjonell realistisk form med eit klangfullt språk. Han har skrive bøker for barn og unge, skodespel, romanar og dokumentarar. Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tille...
15 Nov 2020
Stader for skrift: Brit Bildøen
Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk. I denne episoden blir Brit Bildøen intervjua av Bjørn Vatne. Brit Bildøen er forfattar av barnebøker, romanar og lyrikk, og ho har i tillegg arbeidd med gjendiktingar. Som forfattar går ho gjerne inn på tema som er tidsaktuelle, men lite skrivne om skjønnlitterært. Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i ...
11 Nov 2020
Stader for skrift: Mette Karlsvik
Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk. I denne episoden blir Mette Karlsvik intervjua av Bjørn Vatne. Mette Karlsvik er fødd i Bodø. Ho voks opp på Frei på Nordmøre og er busett i Oslo. Ho skriv energisk, sprudlande og kreativt med korte setningar og eit oppfinnsamt språk. Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven ...
9 Nov 2020
Stader for skrift: Hilde Myklebust
Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk. I denne episoden blir Hilde Myklebust intervjua av Bjørn Vatne. Hilde Myklebust er ein forfattar og småbrukar frå Vanylven. Både i dikt og romanar skriv ho vart og rikt om naturen og menneska som bur i han, for vaksne og for born. Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litte...
5 Nov 2020
Stader for skrift: Svein Sæter
Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk. I denne episoden blir Svein Sæter intervjua av Bjørn Vatne. Svein Sæter er ein forfattar og journalist frå Nordmøre. Han har skrive fagbøker om historiske tema og personar, mellom anna om den andre verdskrigen og diktaren Hans Hyldbakk. Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven...
2 Jul 2020
Festspelpodden: Stormfulle høgder
I høve Digitale festspel 2020 presenterer vi denne samtalen med Ragnar Hovland og Øystein Vidnes som har gjendikta klassikaren «Stormfulle høgder», skriven av Emily Brontë. Anna Kleiva tek oss med inn i prosessen og gjer oss betre kjend med boka. Kleiva møtte Ragnar Hovland i studio i Oslo, medan Vidnes blei kopla på frå kontoret sitt i Leikanger. Ragnar Hovland (f. 1952) er forfattar og omsetjar som har skapt eit tekstunivers der det konkrete og det mytiske, det kvardagslege og det absurd...
19 Jun 2020
Festspelpodden: Ny norsk krim
Er krim best på nynorsk? Eller er det nynorsken som treng krimbøkene? Og har krimsjangeren for låg status? I samband med Digitale festspela 2020 presenterer vi denne samtalen med krimforfattarane Ruth Lillegraven og Randi Fuglehaug. Her møter dei Maria Horvei, journalist og redaktør i Vinduet, for å snakke om krimromanane Alt er mitt (Lillegraven 2018) og Fallesjuke (Fuglehaug 2020). Ruth Lillegraven (f. 1978) er ein forfattar som skriv episk og forteljande, både i dikt- og romanform. Lillegr...
5 Jun 2020
Festspelpodden: Det kvite kortet
I høve Digitale festspel 2020 presenterer vi denne samtalen med Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen, som har gjendikta to verk av den amerikanske forfattaren Claudia Rankine: Medborgar og Det kvite kortet. Samtalen er leia av Anna Kleiva. Dette opptaket blei spelt inn fredag 29. mai, berre nokre dagar etter at George Floyd blei drepen av politibetjentar i USA og folk der tok til gatene for å demonstrere mot rasisme og politivald. Sidan den fredagen har situasjonen i USA blir en...
14 May 2020
Festspela 2019: Forteljinga om oss
I denne første episoden av podkasten Nynorsk no får du høyre eit opptak frå Dei nynorske festspela 2019, der Kjartan Fløgstad, Eli Bjørhusdal, Inger Marie Okkenhaug og Heming Gujord diskuterer og dekonstrurer (delar av) forteljinga om vår eigen kultur. Forfattar Kjartan Fløgstad debuterte i 1968, og har ein rikhaldig forfattarskap som både utfordrar og løftar fram viktige kjenneteikn ved vår kultur i vid forstand, og kanskje særleg tilhøve mellom klasse og kultur. Les meir om Fløgstad hjå Al...
Contact Nynorsk no
Guest appearances
Books guests
Based on episode analysis; this does not confirm that the show is currently accepting guests.
Host of Nynorsk no?
Claim your podcast to manage its listing and keep your show details accurate.
Pod Engine is an independent podcast discovery and analytics service and is not affiliated with or endorsed by this podcast. Artwork and show content belong to their owners. Full legal notice.
Explore this show Podcast research with Pod Engine