Lokalavisjournalist og revyentusiast, Roy Aron B. Myklebust, slår på tråden til andre revyentusiastar for revy-nerding, gode historier, triks og tips. Ny episode tilgjengeleg ca. annankvar veke på SoundCloud, Spotify og iTunes. Hugs å abonnere!
Tommy Berg frå Altarevyen har vunne på Høylandet med både monolog, sketsj og songnummer. Mange hugsar han nok frå innslaget Russisk eventyr, frå 2011, der han går Harald Heide Steen jr. ein høg gong! Han er kjent for sin leikne stil på scena og storkosar seg når det surrealistiske blir kombinert med litt meir alvorlege undertonar. Bli betre kjent med fembarnsfaren, finansrådgjevaren, fylkestingpolitikaren - og ikkje minst revyskodespelaren Tommy Berg!
13 Oct 2022
2. Revypodden med Ole "Ferjedirigenten" Bergesen
Ole Bergesen er fitjarbuen som tok revynorge med storm i 1995, då han entra scena på Høylandet med Ferjedirigenten. Eit nummer som representerte noko heilt nytt, og som gjekk rett heim hos publikum og vann fleire prisar. Sidan då har han hatt eit innhaldsrikt sceneliv og vore primus motor for sommarrevyen på Fitjar i 22 år, før han gav seg etter denne sesongen.
4 Oct 2022
1. Revypodden med Harald Morten "Vikar'n" Bremseth
Roy Aron B. Myklebust ringer ein av dei mestvinnande frå Høylandet. Harald Morten Bremseth er rørleggaren frå Stjørdal som er viden kjent for karakterar som "Vikar'n", "Skihoppar'n" og Anna Bola. Han debuterte i NM revy på Høylandet i 1993, og var sentral i Lånkerevyen gjennom 30 år. I dag er han del av trioen Kveli Rånes Bremseth, og turnerer store deler av landet.
Contact Revypodden
Guest appearances
Books guests
Based on episode analysis; this does not confirm that the show is currently accepting guests.
Host of Revypodden?
Claim your podcast to manage its listing and keep your show details accurate.
Pod Engine is an independent podcast discovery and analytics service and is not affiliated with or endorsed by this podcast. Artwork and show content belong to their owners. Full legal notice.
Explore this show Podcast research with Pod Engine