Lygesoger frå den ovale forteljescena med Gunnstein Akselberg
Donald J. Trump konstruerer lygesoger om Grønland etter kvart som han treng dei, seier Gunnstein Akselberg i dette lydessayet, smidd etter dialogen mellom far og son i Kongsspegelen. I det pedagogisk-filosofiske skriftet frå midten av 1200-talet stiller ein son spørsmål og får svar frå far sin. Boka var ei slags lærebok for sønene til Håkon Håkonson, som var konge frå 1217-63. Inspirert av dialogforma i Kongsspegelen drøftar Gunnstein Akselberg det han kallar dei digitale og ovale forte...
19 Aug 2026
Kva er det alvorlegaste augeblikket i ditt liv?
I denne lytteopplevinga frå Tidsskriftet Jaja har Heidi Hattestein fåttt ulike folk til å lese frå «Det alvorlegaste augeblikket i livet» av poeten César Vallejo – og diktar vidare. «Det alvorlegaste augeblikket i livet» er tittelen på eit dikt av den peruanske poeten, essayisten og journalisten César Vallejo. Han skreiv diktet etter at han hadde forlate Peru for godt og levde under svært vanskelege forhold i Paris, og det er gjendikta til norsk av Gisle Selnes. Her kan du høyre forskj...
23 Jun 2026
Aminas sang
Minneverket Aminas sang er laga til minne om Amina Sewali og publisert på Aminas bursdag 23. juni. Kort tid etter at Sarah Camille Osmundsen takka ja til å lage eit lydverk til nettutgåva av Tidsskriftet Jaja, Makt, mål og mæle - munnleg forteljekunst før og no (1-26), døydde hennar nære venninne og kunstnarkollega Amina. Sewali var musikar, artist, komponist, forfattar og skodespelar. Ho vert skildra som ein grensesprengande kunstnar, som vart lagt merke til frå ho var tenåring. Ho har medve...
20 Apr 2026
Kystforteljingar med Maria Pile Svåsand
Finst det ein eigen forteljestil langs kysten? Og kvifor blir litteraturbåtleiar Maria Pile Svåsand blyg om ho må utbrodere framfor andre vestlendingar? «Jon Fosse fekk nobelprisen for alt han seier mellom linjene. I tildelingstalen seier dei at han med den radikale reduksjonen av språk og dramatisk handling viser kjerna av menneskeleg angst og ambivalens. Eg trur også Fosse har høyrt på strandbermingar som fortel med få setningar om dei store tinga», seier Maria Pile Svåsand i lydessay...
24 Mar 2026
Alle bør ein gong følge ein geiteflokk med Siri Helle
Skribent, agronom og geitebudeie Siri Helle vil så gjerne takke for den gåva det var å oppdage boka Braiding Sweetgrass – Indigenous Wisdom, Scientific Knowledge and the Teachings of Plants av Robin Wall Kimmerer. Og medan ho les om å søke jamskifte mellom menneske og natur, forstår ho korleis ho kan få takka: Ikkje med blomar, ikkje med hand i handa, men med å putte denne forteljinga inn i verda. Lytt til Alle bør ein gong følge ein geiteflokk i fjellet og les den tilhøyrande per...
12 Feb 2026
Barn som forteljekunstnarar med Trude Hoel
For å ta vare på barns naturlege forteljeglede må ein ha auge for dei ulike måtane å fortelje på, meiner leseforskar Trude Hoel. Hoel er professor i lesevitskap ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) ved Universitetet i Stavanger. Ho forskar på barns forteljingar, språkstimulering og lesing i barnehagen, med særleg vekt på digitalisering og leselyst. Professoren, som mellom anna er i leiinga for FILIORIUM - senter for barnehageforsking, har skrive læremid...
27 Jan 2026
Makt, endetid og forteljekunst med Hilde Sandvik
– Om vi ikkje snakkar saman, står vi att med valden, seier Nordens podkastdronning Hilde Sandvik. Å fortelje er eit urmenneskleg instinkt frå førskriftlege tider. Med oppsvinget av munnlege format, som podkastar med trufaste lyttarskarar og tiktokarar som påverker val, kan ein hevde at den munnlege forteljinga har fått ein renessanse. Lagar podkastarane munnleg forteljekunst? Og korleis kan vi navigere kreftene som kjempar om merksemd og makt, væpna med forførande endetidsforteljingar?&...
12 Sept 2025
Samisk forteljekunst med Tina Harnesk
Lytt til intervjuet med Tina Harnesk, den samiske forfattaren frå Sverige, om samisk munnleg forteljetradisjon, samisk litteratur og motstandskamp. Som forfattar og bibliotekar frå Arvidsjaur i Sverige, har Harnesk granska, samla og skrive om dei samiske forteljingane. "Det er gjennom forteljingane vi har hugsa historia, formidla kunnskap og tru, og gjort motstand og synt verdet til naturen og menneska", seier Harnesk om den munnlege forteljetradisjonen i samisk kultur. Tina Harne...
Contact Tidsskriftet Jaja
Guest appearances
Books guests
Based on episode analysis; this does not confirm that the show is currently accepting guests.
Host of Tidsskriftet Jaja?
Claim your podcast to manage its listing and keep your show details accurate.
Pod Engine is an independent podcast discovery and analytics service and is not affiliated with or endorsed by this podcast. Artwork and show content belong to their owners. Full legal notice.
Explore this show Podcast research with Pod Engine