Velkomen til Vestlandsbonden, ein podkast frå Norsk Landbruksrådgiving Vest. Me serverer ulike landbruksfaglege emne, gode råd, samtalar, reportasjar, ja til og med litt HMS.
Som programleiarar vil du møte Helena Elvatun og Kolbjørn Taklo, begge til dagleg rådgjevarar i NLR Vest.
NLR Vest tilbyr rådgjeving innan jord- og plantekultur, bygningsplanlegging, HMS, økonomi og maskinteknikk. Som medlem får du redusert pris på ulike kurs som me arrangerer, t.d. HMS-kurs, plantevernkurs, og sertifisering i brannsikring ved varme arbeid.
Podkasten er utvikla med støtte frå Fylkesmannen i Vestland og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy (https://acast.com/privacy) for more information.
Våren er godt i gang, og før me veit ordet av det, så er det plutselig slått att! Det har dei siste åra vore auka fokus på fôrkvalitet, og skilnad på god og dårleg fôrkvalitet. Kva er det som påverkar korleis kvaliteten av grovfôret vert , og kva verktøy har bonden for å ta dei rette avgjerdslene for å få den kvaliteten han eller ho treng til akkurat si gardsdrift? I denne podkasten snakkar me med Petter Klette som er rådgivar i Tine, og Håvard Steinshamn som er forskar i Nibio.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy (https://acast.com/privacy) for more information.
20 Mar 2023
Grovfôrvekst
Nok grovfôr av rett kvalitet er avgjerande for å lukkast i mjølkeproduksjon. På Fureneset testar dei no ut om tidlegare gjødsling og tidlegare slått kan vera med å bidra til meir grovfôr med høg fôrkvalitet. I denne episoda snakkar vi med Håvard Steinshavn og Åsmund Mikalsen Kvifte, som begge er forskarar i Nibio.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy (https://acast.com/privacy) for more information.
13 Dec 2022
Landbruksplast, utfordringar og moglegheiter
Vi brukar den til alt, og vi finn restar av den overalt. I sjøen, i fjæra, langs vegen, oppe i trea og langt til skogs. Plast! Materialet som nesten alt er pakka inn i, og som har ei bortimot uendeleg nedbrytingstid. Ei forbanning på avvegar og ei velsigning i bruk. Visste du at landbruket er knallgode på attvinning av plast? Heile 86% av innsamla landbruksplast vert nytta om att. Kanskje er den neste bereposen du tek på Rema tidlegare rundballeplast! Høyr meir om utfordringar og moglegheiter for landbruksplasten når vi snakkar med Kari Sigrun Lysne i podkasten Vestlandsbonden.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy (https://acast.com/privacy) for more information.
Contact Vestlandsbonden, ein NLR Vest-podkast
Guest appearances
Books guests
Based on episode analysis; this does not confirm that the show is currently accepting guests.
Host of Vestlandsbonden, ein NLR Vest-podkast?
Claim your podcast to manage its listing and keep your show details accurate.
Pod Engine is an independent podcast discovery and analytics service and is not affiliated with or endorsed by this podcast. Artwork and show content belong to their owners. Full legal notice.
Explore this show Podcast research with Pod Engine